Liavegen - Ulvik

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.564 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 183
Sesong: April - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Start ved skiltet på Tunheim, ein kan velja to vegar; øvre eller nedre Liavegen, eller ein kan ta den som ein rundtur.

Her er beskrivninga for øvre liavegen:

Fylj skilta mot Jobykset (2,2km) og Liavegen. Rett etter vegskiljet passerar ein Liaplasset, ein gamal husmannsplass. I starten er det traktorveg, men ein går snart over på meir sti, Fleire plassar oppover får ein flott utsyn over Ulvikapollen, Kvasshovden og etterkvart Osafjorden. Nokre plassar finn ein benker kor ein kan setja seg ned å nyta niste eller berre utsikta.

Etter å ha komme gjennom skogen kjem ein ut på traktorveg igjen, fylj denne nedover, snart kjem ein til ein sving med skiltet til Jobykset. Om ein er høgderedd er ikkje dette staden for deg, fortsett ned over. Om du tar turen ut på Jobykset kan ein sjå rett ned i Osafjorden, samt at ein ser heilt inn til Osa og utover der Osafjorden møter Ulvikafjorden og Eidfjorden. På andre sida ligg ein fråflytta gard med namnet Sygnestveit.

Vel tilbake på traktorvegen fortsetjer ein nedover om ein ynskjer ein rundtur, denne vegen kjem då ned til nedre Liavegen. Her kan ein då gå tilbake til Tunheim eller ein kan fortsetja mot Øydve og gå vidare til Åsen/Birjetangen eller tilbake til sentrum.

Adkomst

Det er råd å parkera på Tunheim, men all parkering er på eige ansvar då det går både sau og kyr her det meste av våren/sumaren/hausten. Ein kan og parkera i sentrum og fylja siderløypa og skiltinga mot Tunheim. Eit ana alternativ er å parkera ved idrettsanlegget i Holmen, og så gå der i frå.

Stoppesteder

Det er råd å ta rutebuss tilstoppet på Lekve, derifrå fyljer ein siderruta mot sentrum, og tar av til høgre med skiltet til Tunheim. skyss.no for ruteinfo

Linker