Sentrum - Frystetjørn - Øvstestølen - Sentrum (Stølstrimmen)

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 12.316 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 655
Sesong: Mai - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Når ein kjem hovudvegen frå Brakanes og forbi Hardanger Gjestetun, svingar ein til høgre og vel den venstre vegen oppover. Fyl vegen forbi Vambheim og vidare til ei grind, husk å lat at denne om ho er stengd. Ta skogsvegen til venstre, fylj denne forbi bommen (som stortsett står open). Du kjem til eit kryss ovanfor Lisebrekke. Der tek du igjen til venstre og fylgjer skogsvegen heilt fram til Frystetjørn. Merk at det gjerne går kyr her!

Her kan ein skriva seg inn i turbok-kassen til Ulvik Turlag.

Frå Frystetjørn er der ein gammal sti langs tjørna, men denne er litt vanskeleg å fylgja. Gå på skogsvegen og ta opp til høgre forbi hytta. Du fylgjer skogsvegen til du er litt oppe i motbakken. Der kjem du til eit skilt der det står Øvstestølen. Du kan halda fram på skogsvegen, men ta heller den gamle stølsvegen (stien) opp til venstre, og gå skogsvegen ned att. Det tek deg mellom 20. minutt til ein halvtime å gå til Øvstestølen frå Frystetjørn. Ved tuftena etter stølen finn ein turbok-kassen.

Frå stølsvollen ser ein traktorvegen på motsatt side, ta denne ned igjen eller gå samme vegen du kom. Ved Frystetjørn kan ein ta stien nedover til høgre i staden for traktorvegen ein kom opp på. Dette er den gamle stølsvegen. Du går over ein liten bekk og kjem inn att på den same skogsvegen som du gjekk opp.

Turen gjev fleire flotte utsyn over Ulvik, Vassfjøro og fjorden utover. Ellers finst det hjort, og om våren kan du sjå tiurleik. Om hausten kan du plukka blåbær, og det finst ikkje orm i Vambheimsmarka!

Er du dårleg til beins, eller tykjer det er kjedeleg å gå formykje etter veg kan du køyra bil til forbi grinda eller endå lengre. Det er ein bom ovanfor grinda, men den står vanlegvis open. God tur!

Adkomst

Parkering ved kyrkja, eller ved overnattingsbedrifta ein bu hjå. Det er mogeleg å parkera der stølsvegen frå Frystetjørn møter traktorvegen, men kun mogeleg om bommen er open, begrensa plass!