Bjørndalen hyttefelt - Blånibba (1067 moh) Sandane i Gloppen kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.208 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer 10 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 546
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Blånibba er eit av dei flottaste fjella på nordsida av Gloppefjorden. Her har vi bl.a. utsikt mot Breim, breen og Snønipa, Kandalsfjella og Sandane.

Der er skilta og merka, med tydeleg sti.

Vi startar på parkeringsplassen ved Bjørndalen hyttefelt, ved bommen. Vi går inn over brua og tar fyrste sti opp til venstre. Vi føl stien over ei myr som er kloppelagt, og kjem til elva som vi kryssar. Etter ei stund er vi på Rypeskaret og kan nyte den vakre utsikta. Vi går eit lite stykke forbi vatnet før vi svingar opp mot Blånibba.

Etter at vi er komne til toppen kan vi enten gå vidare til Dunheia, Svinestranda, til Breim, eller vi kan gå ned att.

Adkomst

Frå Sandane sentrum til Austrheim, deretter skilting til Fjellbygda og Utsikten. Frå Utsikten køyrer ein vidare rett fram til vegen sluttar!

Bompengar på Engesæt.