Staurdalseggja i Stad kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.365 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 400
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Frå toppen er det utsikt i fleire retningar. Ein kan sjå frå ytste Stad til fjella på Jostedalsbreen, dersom det er klarver. Frå Lefdalssætra går det ein sti mot aust. Etter nokre hundre meter deler stien seg. Stien til Staurdalseggja går rett fram og følgjer ryggen. Den er lett å finne. (Stien til venstre fører til Småvatna). Det er ca. 400 høgdemeter frå sætra til toppen. Det er omlag 2,5 km å gå ein veg.

Toppen av Staurdalseggja er grensepunkt mellom tidelgare Eid kommune og Vanylven (altså mellom Vestland og Møre og Romsdal). 

Du kan og fortsetje vidare mot Dua. Eit anna alternativ er å gå nordover til Rognekollen.

Adkomst

Frå Lefdal køyrer du oppover bygda, ca. 1,3 km, til vegen deler seg. Køyr til høgre, opp til der skogsvegen startar. Her kan du parkere på avkøyrsle ved vegen. Vegen til Lefdalssetra er privat.