Sotnos - Tyssedalstølen (Stølstrimmen)

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.866 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 529
Sesong: Juni - September
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Vegen er skilta med DNT-skilt frå fylkesvegen, og løypa frå Sotnos er T-merka heilt til Mjølfjell.

Du ser skiltet rett ovanfor svingen, frå der ein kan parkera.

Det er ein flott og variert tur. Litt opp og ned i byrjinga. Så kjem du til eit litt våtare parti, går gjennom ei grind og er inne i dalbotnen, ein typisk U-dal. Her beiter sauer, og i bekken kan du jamvel sjå småfisk. Det er særleg kjekt, dersom du har born med! Stien er tydeleg, men siste kneika kjennest på pusten.

Du treng 1 ½ time minst, før du er oppe ved stølen. Det er mellom 6. og 7. kilometer opp dit. Vegen er som alltid lettare i unnabakken, men du må gå litt forsiktig og brukar om lag same tida ned att. På heimvegen i enden på flaten ser du ein sti beint fram og ein til venstre. Du går til venstre!

(Tekst: Steinar I. Bergo)

Adkomst

Fylj Espelandsvegen frå Ulvik, rett før vegskiljet til Solsævegen er det råd å parkera på venstre sida. Om ein ynskjer kan ein heller kjøyra til Sotnos, rett før brua og rett etter er det plass til å parkera.