Osa-Ossete - ein del av Hallingskeidvegen (Stølstur)

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.764 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 508
Sesong: Juni - September
Område: Hardangervidda Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Turen startar frå garden på Haugen, vis omsyn då ein går gjennom eit bebudd tun, og fortsetter innover Norddalen.

Det er fin veg og sti inn gjennom Nordalen. Her er og mange ulike planteslag å studera for dei som er interesserte i botanikk. Og på flaten rett etter Haugen kan ein sjå Solskinnstjørni, her er det kun vatn i godversperiodar, mens det er tørt i styggever. Ein finn og koldeholer i ura like ved.

Norddalen er frodig, og det går sauer å beitar på forsommaren og om hausten, husk derfor å lata at alle grinder.

Etter ein har kryssa bru nr.2 kjem ein til Osaflorane, her er det ei grøn slette på kvar side av vegen med flotte murar. Venelaget for slepa mellom Osa-Hallingskeid har sett opp eit grindbygg med bord og benker, her finn ein informasjons tavler om den Historiske vandreruta - Hallingskeidvegen som opna august 2020. Her er det flott å sitja og rasta før ein startar på vegen vidare.

No byrjar oppstigninga, og etter kvart kjem ein til trappena som sherparane frå Nepal har laga. 

Ved fossen frå Herbergselva byrjar stigninga for alvor. Her heiter det galden, og du skjønar namnet etter ei stund! Hausten 2019 gjekk det eit veldig ras over trassen her, men sommaren 2021 er stien lagt om slik at den no går utanfor raset, og ein kjem inn på stien ovanfor raset. Venelaget med hjelp av ein lokal steinsetjar, samt grunneigarar har utført arbeidet med omlegginga, merking og oppsett av tau på naudsynte plassar.

Når du har nådd toppen etter vel ein time, flatar det ut, og det er fint å gå innover til Ossete. Ein må no rekna to timar opp, då omlegginga har gjort vegen litt lenger.

NB! Den nye trassen er ikkje merka med raude T-ar, men godt merkt med raude merker på tre og stein.

Adkomst

Fyl fylkesvegen inn til Osa, ta av til venstre i krysset og fyl vegen vidare opp til parkeringa på høgre side rett før Hjadlane Galleri. Her i frå går ein ned til garden Haugen der løypa startar.

Stoppesteder

Sjekk skyss.no for ruteinformasjon.