Flatebotnane

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.835 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 89
Sesong: April - Desember
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Flatebotnane er ein fin tur med vogn eller relativt små ungar i vakre Fitjadalen. Fitjadalen er elles godt tilrettelagt for friluftsliv med tilbod som Døgnope og Blekeld. Frå Fetet fylgjer du vegen innover dalen, i slake motbakkar skal du gjera unna 100 høgdemeter på knappe to kilometer. Når det er slutt på vegen er du i Flatebotnane.

I Flatebotnane kan du nyta ei roleg elv, høge fjell og kanskje nokre nevar blåbær. Elles er det fint turterreng vidare innover dalen, som er T-merka.

Adkomst

Frå Øystese med bil eller buss. Derfra til Fitjadalen - i rundkøyringa tek du av opp mellom butikkane og til høgre i fyrste krysset etter parkeringsplassane, seinare; følg skilt til Fitjadalsvegen. Køyr opp og langs vatnet. Parkering i øvste enden av Fitjadalsvatnet.

Linker