Valborgkleiva - Veten (632 moh) Sandane i Gloppen Kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.296 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 500
Sesong: Hele året
Område: Fjordane Kolebakkane naturreservat

Beskrivelse

Det er greit å starte ved høgdebassenget til Sandane vassverk i Valborgkleiva. Her følgjer du den gamle støylsråsa nesten til Leirstøylen. Rett før støylen står eit skilt som viser kvar du tek av inn på råsa til Veten.

Her er ei litt bratt stigning først, deretter furuskog, før ei ny bratt stigning til toppen. Rett før toppen går du langs eit stup med utsikt til Vassendemona og Ryssdal.

Det er dagleg personar på Veten heile året.

Adkomst

Frå Sandane køyrer ein retning Kleivedammen, rett Før Kleivedammen køyrer du under brua til Valborgkleiva. Ta til venstre i krysset til du kjem til høgdebassenget.