Ryggjastøylen - Traudalsnibba (ca 1100 moh) i Gloppen kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.085 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 747
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane Naustdal-gjengedal landskapsvernområde

Beskrivelse

Etter å ha parkert på Ryggjastøylen går ein på skogsveg i retning Traudalsvatnet. Før ein kjem inn til vatnet går ein til venstre over Geitebrua.
Kort etter tek råsa til Nibba av til venstre og går bratt opp lia. Over skoggrensa flatar det litt ut, deretter vidare mot Botnen, men rett før vatnet tek du til høgre opp til Nibba/Nibbehytta. Så følgjer råsa ryggen heilt til toppen og Traudalsnibba.

I starten er der litt våte parti, men det blir tørrare etterkvart som ein startar på stigninga. Fyrste delen går ein i skog, etterkvart kjem ein i fjellet og vi får flott utsikt. På toppen har 4H i 2001 bygt opp att ei hytte som ein kan gå inn i, evt. overnatte der.

Vi får ein god høgdefølelse på toppen, der er flott !

Om det er snøfritt kan ein forsetje turen på Svarthammaren.

Turen er merka i 2013.

Adkomst

Utgangspunkt for turen er frå Ryggjastøylen. Du køyrer til Grov på Sørstranda. Det går skogsbilveg heilt fram til støylen.

Bompengar på Grov