Utvikfjellet - Skavegga (1069 moh) Breim i Gloppen Kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.043 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 15 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 460
Sesong: Hele året
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Turen startar frå Brekkestova på Utvikefjellet. Vegen inn er ikkje spesielt god, eit godt alternativ er å sykle inn.

Vi går på veg/sti i starten og har fin utsikt ned til Utvik og Nordfjorden. Når vi har gått eit stykke passerar vi grensa mellom Gloppen og Stryn, der det og står ei lita hytte. Vi forset eit lite stykke til før vi går opp mot Skavlegga. Då er det slutt på tydeleg sti, men ein ser kvar det er naturleg å gå.

På toppen har Vikane IL trimbok plassert i Varden.

Om ein ynskjer variasjon kan ein gå om Støyvastøylen.

Ein fin tur som kan anbefalast.

Adkomst

Køyr riksveg 60 til Utvikfjellet. Ein kan parkere ved alpinanlegget, eller ein kan køyre til Brekkestova.

Der passerar bussar ifrå Sandane, Førde, Sogndal og Stryn.