Myrstøl 375 m.o.h.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.014 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 193
Sesong: Hele året
Område: Etne- og saudafjellene

Beskrivelse

Passer bom inn på skogsveg og etter 15-20 min. frå parkeringa, ta av til høgre opp ein kort sideveg som tek deg til godt synleg sti inn i skogen. Gå forbi to raude stølshus og vidare mot Vasstølvatnet. Langs vatnet er det god sti. Ved enden av vatnet renn det ei elv. Etter vel 15 min er du framme ved Myrstøl. Om du finn kong Håkon den 7. sitt sirlege monogram på steinhella ved den vesle grå stølsbua, treng du ikkje vera i tvil om at du er framme ved Myrstøl. Nyt freden, stilla og nistepakken. Kjem du hit på hausten kan du kanskje høyra hjortebrøl i lia.

Adkomst

Ta av frå Saudavegen inn på Ølmedalsvegen på austsida av Ølmedalsvatnet. Ta så til høgre inn på privat bomveg rett før Ølmedal camping. Følg denne til du kjem til stor parkeringsplass.

Linker