Anndalsvatnet / Alendalsvatnet rundt

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.46 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 91
Sesong: Hele året
Område: Haugalandet

Beskrivelse

Turen tek til bak gamleskulen over gjerdeklyvar og over eit kulturbeite, vidare over gjerdeklyvar til traktorveg. Etter ca. 100 meter kjem ein inn på Dragseidstien mellom Haraldseidvågen og Kalstveit. Så over gjerdeklyvar mot nord langs dyka mark, til ein kjem til stidele Anndalsvatn/Haraldseidvågen. Herfrå fylgjer ein vegen ned til vatnet, og tek til høgre langs austsida av vatnet. Her er det noko vått i starten. Ved enden av vegen er det rastebord og kasse med turbok.

Her kryssar ein gjerde på klyvar og passerer sti til Haraldseidvatnet. går vidare på sti til ein etter litt kjem inn på ny traktorveg. Fylgjer så vegen vidare og passerer ein stor, litt spesiell stein frå istida. Ein kjem så straks til ”toppen” av vegen. Her kan ein skimte Ålfjorden mellom trea og ser mot Fjon, Våga og Erve. Etter nokre få meter kan ein og ta ein avstikkar ned mot fjorden og Sønningevika.

Nå svingar vegen sør-vestover langs vatnet, til ein kjem til ei privat grillhytte. Ved bekken her er det ei litt spesiell gammal steinbru. Herfrå går stien sørover langs vatnet på ein litt blaut sti, til ein kjem til sørenden av vatnet, der ein fylgjer stranda tilbake til traktorvegen. Like før vegen er det eit berg/nes som stikk ut i vatnet. Her er det fint å ta ein liten rast/pause, før ein fylgjer traktorvegen tilbake til gamleskulen.

Om namnet: Ser du på kart brukes navnet Alnedal. Det er eit navn som skriv seg fleire hundre år tilbake, og blei endra til Alendal i starten på 1900-tallet. Det er Alendal som blir brukt, og Anndal er ein dialektisk vri på navnet.

Adkomst

Kjører austover til Skjold og tek av mot Dalavik. Til høgre etter ca. 3 km, ser turskilt, rett før krysset til Håvik. Kjør gjennom rød grind. Parkering ved gamle Anndal Skule. Ein kan òg starte turen i Haraldseidvågen.