Reset i Førde - Halbrendnipa - Kalsetvatnet - Reset

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.468 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 657
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Dei første hundre meterane av turen er ein grusveg som føl den gamle postvegen mellom Førde og Bergen. Etter ein liten kilometer tek ein av til høgre ( mot vest ) og går vidare vel ein kilometer til på grasgrodd skogsveg. Etter å ha passert to elvar tek ein av frå vegen opp skogen til høgre ( igjen vestover ). Det er tydeleg sti heile vegen opp, men den er ikkje merka eller varda. Dersom det har regna mykje kan delar av stien vere relativt blaut. Mot toppen får ein god utsikt austover mot Førde sentrum og seinare vestover mot Kvamshesten ( Storehesten ) og Bleja. Boka på toppen fortel at dette er ein relativt mykje brukt turtopp. Halbrendsnipa er fjerde toppen på sjufjellsturen i Førde. Det vanlegaste er nok å gå same vegen tilbake, men ein kan også gå vidare mot sør og kome ned igjen ved Kalsetvatnet før ein returner siste delen same vegen ein kom opp. PS. GPS-sporet avvik ein del frå den stipla stien på kartet. Eg ville nok halde ein knapp på det heiltrekte GPSsporet sjølv om det er pluss/minus fem meter feil og derfor ikkje overlappar tur/retur.

Adkomst

Turen startar på Reset i Lia ovanfor Førde på veg mot Bergen. Der er parkeringsmoglegheiter i svingen på begge sider av E39. Dersom ein tek buss .f.eks frå busstasjonen i Førde, kan ein kjøpe billett til Reset i Halbrendslia. Bussen til Bergen passerer her. Det same gjer flybussen.