Stølstur til Seljesete

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.196 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 189
Sesong: Hele året
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Frå parkeringsplassen på Brunestegen, følg skilting til Seljesete. Lett stigning til over skoggrensa. Fin utsikt mot vest mot Skogafjellet og Hest. På Leiteshaugane ser du straks stølen Seljesete nærast og stølen Rysete, som ligg ca. ½ times gange lenger inne i fjellet. Store stølar med mange gamle stølshus og hytter av nyare dato.

Heimturen kan du velja, anten same vegen, eller gå om stølen Golt til Skår og vidare heim til Brunestegen.

Adkomst

Køyr av fylkesveg 55 til Gaupne, og køyr rett fram i første kryss. Køyr oppover Engjadalsvegen. Køyr nokre kilometer oppover til du kjem til ein parkeringsplass på høgre side. Ta til venstre og køyr vidare oppover bomveg. 50 kr. Køyr så til vegen stoppar ved Brunstegen.

Linker