Topptur til Robba frå Bog

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.533 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 15 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 503
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Tur til Robba, ein av dei høgste fjelltrimpostane i Hyllestad. Denne turen har utgangspunkt på Bog på Lavikdalen i Høyanger kommune, noko som gjer ei jamn stigning som høver for dei fleste. Første del av turen går gjennom skog, for å gå over i lyng og mindrevegetasjon etter kvart som ein kjem høgre opp. Godt merka sti heile vegen.

Siste del av stien går oppe på fjellplatået, stort sett på berggrunn. Her har ein utsikt i alle retningar, øvre Lavikdalen i aust, Sognefjorden i sør og store delar av Hyllestad kommune i vest, med Åfjorddalen nærast og Solund og øyane i Askvoll lengst ute.

Trimpost både for fjelltrimgruppa i Hyllestad og i Lavik.

Adkomst

Ta av mot nord frå FV63 i austenden av Langevatnet, rett før brua ved Hjelmeland. Følg den kommunale vegen til startpunktskilt for stien finst, rett attmed vegen. Avgrensa parkeringskapasitet, men fleire utkøyrsler som kan nyttast i nærleiken av startpunktet.