Støvringsstøylen frå Dalavatnet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.937 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 233
Sesong: Mai - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen startar på Støfring ved idylliske Dalavatnet. Du går på fin og brei skogsveg heilt opp til støylstomta. På veg opp går du i fin og open furuskog og finn fine kvileplassar på gamle kvilesteinar. Skogsvegen går i jamn og fin stigning oppover lia, der du krysser nokre små grover med sildrande vatn innomellom. Frå støylstomta, som er godt rydda for skog, får du svært god utsikt over Vassenden og inn mot Jølstravatnet.

Turen høver godt for turgåarar som ønskjer å finne stiar som ikkje er så bratte og krevjande. Ruta passar derfor godt til småbarnsfamiliar og andre som likar litt rolegare terreng. Skogsvegen eignar seg òg godt for jogging i lettare terreng.

Turen går i område med ein del beitedyr i sommarhalvåret. Så respekter bandtvang og lat att alle grindar etter deg.

AC Kapstad for IST

Adkomst

Ta av E39 ca 6-7 km vest for Vassenden og ta av på grusveg som går mot gard på Støfring, som ligg rett vest for Dalavatnet . Merk at turen startar på privat landbrukseigedom, der ein som turgåar må syne særleg respekt for gardsdrifta. Parker bilen slik at den ikkje er til hinder for gardsdrifta.