Dalelia - Rantane. Hyen i Gloppen kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.269 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 464
Sesong: Juni - November
Område: Fjordane Naustdal-gjengedal landskapsvernområde

Beskrivelse

Dette er ein fin tur for hyttefolk og andre :-) Utsikt i alle retningar!

Turen startar frå hyttefeltet i Dalelia i Gjengedalen og går opp på Rantane, då er vi komne inn i verna område. Vi går i høgda ovanfor Storevatnet med flott utsikt til Gjengedalsstøylen, Dalevatnet, Risbotnen, Vonaskaret, mot kyst og bre. Turen passerar myrlent område, men det er forholdsvis tørt frå Rantane og vidare til Rantebotnsvatnet.

Adkomst

Køyr Rv 615 til Hyen og køyr etter skilting til Gjengedalen og vidare til Dalelia.Det er bomveg når du har køyrt forbi Dalheim. Køyr ned mellom Dalevatnet og Gjengedaldsvatnet. Der er som oftast god plass til å parkere i enden av vegen.