Bygdeturen syner den tidlege framveksten av skulesystemet langs kysten, med omgangsskular der borna vart samla til undervisning på ulike gardar. Turen passerar òg mellom anna ein løypestreng som vart brukt til å frakte mjølk, mat, høy og lyng ned i dalen frå fjellet. Rundturen går på rydda stiar i lia på Oppdalsøyra. Du kan vitje eit skulemuseum, rusle forbi murar etter gamle fjøsar og gå gjennom ein trollskog. I Kupa kan du studere ein løypestreng og troehes, sjå modellar av tømmerhus og nyte utsikta frå Reset. Stien går òg gjennom ein rhododendronhage for så å føre tilbake til skulehuset. Turen tar 2 timar.