Herland - Brurastakken (177 moh) - Geologiløypa - Herland - A6

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.027 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 378
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Herland - Brurastakken (177 moh) - Geologiløypa - Herland

Skilta frå småbåthamna, opp bakken. Ta av til venstre ved postkassestativ, første huset på venstre side. Litt myr i starten men resten i lett stigning mellom lyng og på berg. Etter 1 km kjem ein til tyskarhytta. Her hadde tyskarane utkikkspunkt og tilhaldsstad under krigen.

Eit lite stykke før toppen av Brurastakken kjem ein til eit skilje der stien er skilta mot riksvegen. Om ein går ned her er det 2 km til Herland. Litt nermare toppen er eit anna skilje som er skilta til Geologiløypa, som er 2 km. Denne stien går ned mot sjøen, og framom Brurastakken. Her er like vakkert i storm som i stille. Fjellet sine foldingar med materiale frå devontida får du her sjå på nert hald. Litt bratt nedstiging mot sjøkanten, og ein del våte parti. Frå sjøen er litt stigning opp igjen til riksvegen. Området har eit rikt og variert planteliv.

Stien består soleis av to sløyfer. Om ein startar på høgda før Herland kan ein velje mellom å gå mot syd i Geologiløypa som er 2,5 km. Eller ein kan gå mot nord og opp gjelet som tyskarane skaut ut under krigen, 0,6 km til Brurastakken. Her i frå er det 2 km i lett nedoverbakke mot Herland.»

Adkomst

Start ved Herland på Atløyna. Bruk Turkart Askvoll i målestokk 1 : 50 000