Topptur til Bøheia 350 moh - H20

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.958 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 292
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Start ved parkeringsplassen i toppen av byggefeltet på Ytre Bø. Turen går i hovudsak gjennom skogen, men på toppen har du fin utsikt.

Frå Bøheia ser ein innløpet av Sognefjorden i tillegg til heile Bøfjorden - frå skipsverftet på Kjøreneset til båthamna i Leirvik. Lett og fin tur som passar for alle.

Bøheia er ein av trimpostane til trimgruppa i Hyllestad Idrettslag.

Turkart kan kjøpast på butikkane i Hyllestad og Fjaler, i tillegg til på kommunehuset og nokre andre aktørar.

Adkomst

Følg FV57 frå Bøbrua ved Leirvik i retning Rysjedalsvika. Ta av ved skilt til Ytre Bø, og parker i toppen av byggefeltet. Bussamband frå Dale, korrespondanse med ekspressbåten i Rysjedalsvika.

Bruk Turkart Fjaler - Hyllestad i målestokk 1:50 000