Bufjordstigen langs Telemarkskanalen på Dalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.274 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 28
Sesong: Hele året
Område: Telemark Vest-telemark

Beskrivelse

LETT TUR med kultur, historie og fiske.

Turen startar ved Lastein (Dalen) Bryggje, (legge stein i la). Her var utskipingsplass for den kjende brynesteinen frå Eidsborg, Noregs eldste eksportartikkel. Her legg båtene på Telemarkskanalen til. Historia o m livet på Telemarkskanalen kan du sjå på Dalen Bryggjeustilling og på Lastein bryggjekafé kan du nyte eit godt måltid før eller etter turen, 

Frå bryggja passerar du ei fin badestrand og går vidare over Eidsborgbekken. Turen går no forbi Tangane, eit viktig friluftsområde med idyllisk furuskog. Her får du innsyn til vakre Dalen Hotel frå hagen.

Soria Moria sauna blenkjer som eit smykke i Bandak.

Tokkeåi kryssar du via ein ”hoppeterskel” i stein. Ved høg vannstand må ein rekne med å gå vegen i staden. 

På Buøy fylgjer du natursti gjennom ein fascinerande "jungel" der ein fleire stader kjem ned til elva med fine fiskeplassar og ei rikhaldig beverstamme. Fiskekort for Tokkeåi og Bandak får du kjøpt på fishspot.no 

Idylliske Buøy Camping er ein flott stad å campe for natta.

Turen går attende gjennom Dalen sentrum, med ei intim handlegate, blomstertorg, butikkar, kafétilbod og Tokke kommunehus med skulpturar av Anne Grimdalen og Charles Mi chalsen og kommunestyresal kledt i brynestein.

Turen er delvis universelt utforma.

Tilgang: april til oktober

Høgste punkt: Dalen 75 moh

Skotøy: valfritt

Adkomst

Turvegen startar ved Lastein Bryggje, Dalen. Om du kjem langs E-134 frå aust; ta av i Høydalsmo og fylg Fv450 til Dalen. Lastein Bryggje ligg på venstre hand, i det du kjem ned Eidsborgberget. Frå Vrådal og Åmot langs Fv38 til Dalen. Køyr forbi innkjøring til Dalen sentrum, og du får Lastein Bryggje på høgre hand etter 1 km. Parkering ved bryggja, på motsett side av bobilparkeringa.

Stoppesteder

Linker