Grånuten (frå Vindafjordtunet) 531 m.o.h.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.252 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 512
Sesong: Hele året
Område: Haugalandet

Beskrivelse

Du startar med å gå på god traktorveg/bilveg på nordsida av sjukeheimen. Følg skiltinga oppover. Traktorvegen svingar seg oppover lia 2 km ta av til venstre gjennom ei grind og vidare opp gjennom lia på litt dårlegare traktorveg 300 m – følg skilt – og så til venstre inn på merka og rydda sti. Her kan du nyta roen mellom trea og lytta til fuglesongen eller få auga på anna liv i terrenget.

Dette er ein fin fjelltur, men kan vera litt krevjande. Oppover traktorvegen er det fin panoramautsikt over bygda.
Hugs bandtvang – beitande sauer her.

Oppe på Grånuten er det flott utsikt i fleire retningar. Dersom du vil, kan du herifrå gå vidare til Fuglen og ned Haukadalen til E 134 ved Krakk. Det er skilt og merkepinnar heile vegen.

Adkomst

På riksveg 46 frå Knapphus til Vats.
Kjør 5 km frå Knapphus mot Nedre Vats til Kårhus v/sjukeheimen og parker her.

Linker