Vatnedalsvatnet (130 m.o.h.) frå Øvre Vats bedehus

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.788 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 178
Sesong: Hele året
Område: Haugalandet

Beskrivelse

Følg den merka traktorvegen fram til Vatnedalsvatnet – ca 2 km. Rett før du kjem ned til vatnet, tar du av til høgre ned til utløpet av Vatnedalsvatnet. Sjå skilt. Her er stien vidare skilta og godt merka gjennom tett ore- og bjørkesk og fram til grensa med Skjold – ca 1 km. Ved grensa finn du ein turkasse til Skjold turlag – skriv deg inn i boka her. Her kan du velja om du vil gå attende til Øvre Vats Bedehus eller om du vil gå vidare på traktorveg heilt fram til E 134 ved Austreim gjennom planteskog av gran-, furu- og lerketre – ca 2,7 km. Traktorvegen herifrå er svært lett og fin å gå på heilt fram.

Terreng:
Traktorvegen går gjennom lett blandingsskog heilt fram til Vatnedalsvatnet. Vegen har nokre våte parti innmed vatnet..

Fotøy:
Gode tette sko.

Adkomst

Kjør om lag 1,5 km frå Knapphus mot Ølen langs E 134 til Øvre Vats bedehus som ligg på oppsida av sykkel- og gangstien ved Alvseike. Her står info.tavle m/kart og opplysningar om tur til Krakkanuten og til Vatnedalen og vidare til Austreim i Skjold.

Linker