Thorsgruva (130 m.o.h.) frå Eikesdalsvegen i Øvre Vats

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 0.658 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 15 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 64
Sesong: Hele året
Område: Haugalandet

Beskrivelse

Følg traktorvegen 200 m langs elva til ei grind/gjerdeklyvar og ta av til høgre like etter grinda/gjerdeklyvaren. Følg skilt og merkepinnar. Svært fin utskikt over Vatsbygda frå gruva. Thorsgruva – ei open daggruve som vart driven frå 1894 – 1914. Grunnleggaren var Mauritz Kartevoll (1833 – 1922) frå Sandnes. Fann thorium – eit urananhaldig mineral som vart send ut i Europa til vitskaplege læresenter for vidare forskning. Sjå informasjon om gruva på info.tavle som står oppe i gruva.

Terreng:
Gjengrodd traktorveg med gras. Litt bratt siste del av vegen.

Fottøy:
Vanlege sko.

Adkomst

Frå Knapphus - kjør omlag 2,5 km nordover langs E 134 mot Ølen til Eikesdalsvegen. Her står det skilt til Eikesdal til venstre og TURSTI-skilt. Følg vegen omlag 700 m oppover til du kjem til skilta P-plass. Her finn du info.tavle og kart over mange fine turar som startar herifrå.

Linker