Sletthaug (485 m.o.h.) frå Aurdal i Øvre Vats

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.915 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 15 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 412
Sesong: Hele året
Område: Haugalandet

Beskrivelse

Vegen opp til Sletthaug er god å gå på, men har nokre bratte parti - ta det med ro og nyt turen oppover. Du finn også ein del namneskilt langs vegen. Det er sett opp sitjebenker – ein ved elva ved Fjellgardsbakken og ein lenger oppe mot hytta. Mest oppe ved hytta – i siste bratte bakken - ser du ein stein som er blitt til 3 store steinar på høgre sida av vegen.
Hytta på Sletthaug er open. Dei som vil, kan gå inn og ta seg ein rast om ynskjeleg. «Postkassen» m/turbok er festa til hytteveggen. Gjennom Aurdalsdalen var det i «gamle dagar» ein ferdselsveg frå Øvre Vats til Sandeid. I dag går det traktorveg langt innover som nesten heng saman med ein annan traktorveg som kjem frå Steinsland i Sandeid. Om ynskjeleg kan du ved elva ved Tverrberget svinga av til høgre og ta turen via Sønnanåstølen og vidare ned til Stuhaug gardsmuseum. Sjå skilting.

Terreng:
Følg traktorveg heilt opp til hytta på Sletthaug. Vegen går fyrst langs elva oppover forbi Sagflåta og over Kleiva bru og vidare gjennom gran- og furuskog i fint terreng til du kryssar Aurdalselva på ny over ei gangbru ved Fjellgardsbakken. Herifrå slyngar vegen seg oppover i blandingsskog. Om lag 800 m lenger opp må du ta av til høgre ved skilt, sjå skilt – til Sletthaug, Åksla og Vardafjellet. Herifrå blir det fyrst eit bratt parti på vegen, men slakare lenger oppover.

Fottøy:
Fjellsko eller joggesko.

Adkomst

Kjør om lag 3,2 km på E134 frå Knapphus mot Ølen til tidlegare Vats gartneri der det står skilt til Aurdal – ta av til høgre. Følg denne vegen til endes - 1,4 km - og litt forbi tunet til Haslemo. Her finn du ein god parkeringsplass med info.tavle med opplysningar om ulike turar.

Linker