Rundtur Storegga frå Furuhogane

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.794 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 522
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Storegga er ein lett tilgjengeleg topp som likevel gjev ein luftig følelse og svært god utsikt i alle retningar, og passar flott som ein ettermiddagstur for å sjå sola gå ned i havet i vest. Frå Storegga går løypa ned på nordsida rundt fiskevatna Storeggvatnet og Kjenndalsvatnet...

Furuhogane-Kjenndalsvatnet sør-Kjenndalsheisen-Storegga-Storeggvatnet-Kjenndalsvatnet nord-Kjenndalshytta-Kjenndalsvatnet sør-Furuhogane

Turen starter i overkant av skoggrensa på Furuhogane (toppen av hyttefeltet) og det er parkering langs vegen fram til servicebygget for Kjenndalsheisen. Stien opp i Kjenndalen går langs Kjenndalselva opp til Kjenndalsvatnet (805 moh) (1,5 km) og i elva er det mange flotte fiskekulpar. Ved Kjenndalsvatnet fylgjer ein merkinga forbi toppen av Kjenndalsheisen og vidare opp ryggen mot den nordaustligasete toppen på Storegga (1,0 km). Herifrå går stien flatt innover platået 700 meter til toppen av Storegga (968 moh). Frå toppen er det flott utsikt ned mot Harpefossen og Hjelmelandsdalen, men også vest i havet og til alle fiskevatna som ligg innover fjella. Turen går vidare rett nord ned til vestsida av Storeggvatnet (0,7 km) for so å runde vatnet og fotsette mot aust over ein slak rygg og slakt ned til nordenden av Kjenndalsvatnet (1,0 km). Tilbake går stien forbi Kjenndalshytta på austsida av vatnet ein er tilbake (1,0 km) på stien som går ned langs Kjenndalselva til Furuhogane.

Turen passer for alle som er i rimeleg god form og med skikkelige fjellsko.

Adkomst

Reise med bil: Frå Oslo/Trondheim: Riksveg 15 frå Nordfjordeid mot Måløy. På Haugen (7 km vest for Nordfjordeid), følgjer ein skilt mot Hjelmelandsdalen. Frå Bergen/Ålesund føl ein E 39 til Nordfjordeid, deretter RV 15 mot Måløy til Haugen, ta av mot Hjelmelandsdalen.
Parkering: Parkeringsplass på Furuhodane.
Reise med kollektiv: Buss til Nordfjordeid: Nordfjordekspressen til Nordfjordeid frå Oslo 3 gonger om dagen. Fly: Til Sandane flyplass (15 km frå Nordfjordeid) frå Oslo og Bergen.

Linker