Vasslia - Fauskevarden

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.749 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 418
Sesong: Mai - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Fauskevarden 853 moh er eit populært turmål heile året. På ski og truger vinter og tidleg vår, til fots om sommaren og utover hausten. Frå parkeringsplassen ved Nordheitunnelen på rv609 går det grusvei innover mot Øvrestølsvatnet. Langs vegen er det fleire standplasser knytt til skytebanen i Kråkenesmarka. Frå Øvrestølsvatnet går stien gjennom opent myrterreng og er stadvis plankelagt. Innunder fjellet blir det noko brattare og det kreves litt klyving et par steder. Etter dette følgjer ein ryggen vestover opp til toppen. Tydelig, men litt sølete sti heile vegen, T-merka i øverste del. Fauskevarden er tredje toppen på sjufjellsturen i Førde, etter Skinnbroka som ligg 600 meter mot aust. Det går sti videre rundt Flotevotna til Halbrendsnipa. Frå toppen er det utsyn mot Gjøsetvatnet, flyplassen på Bringelandsåsen, Kvamshestane, og Heilevangsmassivet ved fjorden i vest. Mot nord kan du sjå Ålfotbreen, og deler av Jostedalsbreen i øst. På heile turen må du vere OBS! på beitedyr og difor overhalde utvida bandtvang (1.4 - 31.10) for hunder. Oppe i fjellet kan du også støte på mindre flokkar med reinsdyr. Observasjon av syke, skadde og daude dyr skal meldast til beitelaget. Det står oppslag med telefonnummer ved parkeringsplassen.

Adkomst

Følg rv609 frå Førde mot Askvoll. Det er godt med parkeringsplass ved Nordheitunnelen. Det er mogleg å ta rutebuss frå Førde og Askvoll, men det er få avgangar.

Linker