Bergum - Hornesstølen, Eventyrstien

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.577 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 465
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Eventyrstien startar i Solsvingen på Bergum vest for Førde sentrum og går gjennom skogen oppover bratte fjellsida til Hornesstølen. Stien er opparbeida og blir vedlikehaldt av lokale ildsjeler. Stien er godt skilta og tydeleg der den slynger seg oppover. På bratte stader er det laga trapper, rekkverk og spent opp tau til å halde seg i. Det er også laga benkar med egne navn flere stader. Omtrent midtvegs er det òg laga ein velutstyrt gapahuk med utsikt over byen og Halbrendslia. Ved gapahuken delar stien seg, hvor ei rute går til høgre og forhaldsvis rett oppover mot Hornesstølen. Det er denne som er inntegna på kartet. Den andre ruta går vestover, rundar fjellsida utover mot fjorden før den svingar austover igjen og opp til stølen. Stien er stadvis bratt, men ikke verre enn at den er mykje brukt av både barnehagar og skuleklasser.

Adkomst

Det er vanskelege parkeringsforhald i boligområdet på Bergum. Ta heller bussen som går kvar time.

Stoppesteder

Du kjem til Bergum med bybuss, eller ved å gå fra sentrum, om kyrkja, utover Hornnesvegen og opp Hundvebakkgjelet. Videre forbi blokkane på Haugum og ned til Bergum og Solsvingen.

Linker