Åndhytta

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.062 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 658
Sesong: Mai - September
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Gå frå butikken på Åndstad og 100 m vestover Rv15. Her går gardsvegen til Jonsgard opp mot sør på vestsida av bekken Ånda. Du går 0,7 km på grusveg. Grusvegen går over Ånda, gjennom eit gardstun, opp mot skogen og gjennom ei grind. Her startar stigen. Etter nokre meter kryssar du Ånda på nytt på ei trebru. Like etter kjem du til stigdelet Åndhytta/Skjåkstrond.

No går stigen bratt oppover lia etter ein rygg langsmed Ånda. Det er god stig som går i fine svingar oppunder tregrensa. Det er fin utsikt over Skjåkbygda. Over tregrensa er det lett terreng innover til Åndhytta. Du kan gå vidare til Sandåhytta eller mot Lendhytta.

Adkomst

Køyr Rv15 mot aust 6,8 km frå Bismo, som er kommunesenter i Skjåk, til Åndstad, og parker ved butikken.

Linker