Veslefjell ved Nysetra i Skjåk

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.431 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 582
Sesong: Juni - September
Område: Tafjordfjella og reinheimen

Beskrivelse

Stigen startar like vest for Øyberg seter. Gå stigen opp gjennom skogen med stor fjellfuru. Her veks ulvelav på turre furugreiner. Det er ein gulgrøn og sjeldan lav som er typisk for området. Stigen går langsetter Vulu, innover fjellet og fram til Vuludalsbue.

Stigen går vidare oppover på nordsida av Vuludalsbue. Ruta følgjer stig i starten, for så å gå i terrenget etter raudmerka stein. Den går i boge opp til 1300 moh. Frå her er det nærast flatt terreng framover mot Veslefjell. Du vil sjå det karakteristiske raudberget samstundes med at du kjem opp på høgdene.

Turen går opp mot Reinheimen nasjonalpark.

Raudberga er bygd opp av bergarten peridotitt. Vi kallar dei også olivinberg. Raudberga er sjeldne å sjå på jordoverflata, men i Skjåk er det mange av dei. Raudberga står att som ei høgde i landskapet. Isen har ikkje greidd å skure ned berget.

Adkomst

Køyr Rv.15 vestover 34 km frå Bismo, som er kommunesenter i Skjåk, til Nysetra. Køyr av Rv.15 ved Skjåk seter og 600 meter til Øyberg seter og parker. Gå stigen til Vuludalsbue.

Linker