Tundradalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.361 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 253
Sesong: Juli - September
Område: Breheimen med jostedalsbreen Breheimen nasjonalpark

Beskrivelse

Stigen går ned frå skogsvegen til Tundra og over elva på bru. Stigen går sørvest langs Tundra. Etter 2,5 km går du forbi Tålormskogen. Omlag halvvegs går du forbi Gammelstulen og du vil du sjå Midre Gjelåe som kjem ned frå Midre Gjelåbreen på sørsida av Tundra. Det er lett stig innover til Grønstorrbu.

Grønstorrbu er 20 m², og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.
Skjåk Almenning har utleige av Grønstorrbue.

Haukberghytta til Skjåk jeger og fisk ligg ein knapp times tur innafor Grønstorrbu og under Haukberget. Hytta står open.

Lausmassetransporten av breslam frå Ytre Gjelåe er særleg stor på varme dagar, og fargar Tundra turkis. Tundradalstjønna er ikkje påverka av breslam.

Fisken har god kondisjon. Det går også stor fisk i Tundradalstjønna og Tundra.

Både Nedre Tundradalstjønn og Tundra ovanfor Ytre Gjelåe er fine områder for fiske med stong. Men også i Tundra nedstrøms Ytre Gjelåe når det ikkje er for varmt i været.

Adkomst

Køyr Rv.15 frå Bismo og 10 km vestover. 250 meter før Dønfoss tar Tundradalsvegen av mot sør. Bomveg. Køyr 9 km til Tundradalssetra og parker.

Linker