Hornet frå Hamneset i Stad kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.971 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 703
Sesong: Mars - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Ein av dei finaste toppane på Eid? Her har du utsikt ut Nordfjorden, over til Gjegnen og inn mot Gloppen og Nordfjordeid.

Turen er på 8 km t/r, med ei stigning på totalt 727 m.

Køyr retning Torheim ifrå Nordfjordeid. Før tunnelen på Hamneset ser du ein grusveg som går opp til venstre. Parker 50 meter etter grusvegen. Gå tilbake og følg grusvegen oppover.

Når du passerar ei stor raud garasje, tar du av til høgre i neste vegskille. Følg ein gammal skogsveg fram til Hamnessetra og følg stien vidare oppover ryggen til den øverste varden.