Kleppe (Øydvekleppe) (Stølstrimmen)

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.567 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 590
Sesong: Mai - September
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Øydvekleppe, best kjend som Kleppe blant lokale, ligg rett over tregrensa og mot Kristinuten.

Turbeskrivelsen her tar utgangspunkt frå Øydve, men ein kan og gå frå Tunheim.

Fyl skogsbilvegen opp gjennom gardstunet på Øydve. Etter litt får ein eit stort lagerbygg på venstre side, her flatar vegen ut (Liavegen) og opp til høgre går ein gamal traktorveg, her står det skilt mot Kleppe / Tunheim / Jobykset.

Fyl denne vegen til du kjem ut i ein ny veg, ta opp til høgre (er skilta). Husk å lat at alle lukka grinder på din veg. På veggen passerar ein utsiktspunktet Jobykset, om ein ikkje er av den høgderedde typen er avstikkaren vert det. Fortsett på vegen oppover, litt ovanfor Jobykset kjem ein til vegskilje, du skal ta vegen vidare oppover og ikkje mot Tunheim.

Du går no på ein gamal skogsveg, dekke er mjukt opp over i skogen, med enkelte våte parti. Etter omlag ein halv time kjem ein til ei lysing med eit skilt. Fyl skiltets retning, partiet her er bratt og litt ulent, ein finn noko merking, småe vardar, raude band i tre og raude målemerker på stein og tre. Men kan vera litt vanskeleg til å byrje med.

Stien blir tydlegare når ein kjem inn i skogen, vegen slynger seg oppover til over tregrensa, og ein finn turbokkassa i den fyste steinmuren. Om ein går litt høgare kjem fleire husmurar til syne og ein får panoramautsikt over heile Ulvik, med Osafjorden til venstre og Ulvikapollen til høgre.

Samme vegen atende, eller ein kan gå til Kristinuten og så til Jonstøl og ned til Tunheim.

Adkomst

Ein kan kjøyre opp på Liavegen, men all ferdsel er på eige ansvar då det går beitedyr delar av sesongen, ein må heller ikkje parkera så ein er til hinder for næringsverksemder. Tilrår parkering ved idrettsanlegget i Holmen, og starte turen der i frå.