Rundtur frå Blomgongstøa, Øygarden

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.96 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 150
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

Ein fin rundtur i ope og vekslande kupert terreng. Her er to stader å parkere, vi parkerte ved vegen Høyen, men kjører eit par hundre meter lenger nord (om vi kjem frå sør), er der ei større parkeringsplass ved skulen på venstre side av vegen. Frå parkeringsplassen går vi litt sydover, til ein undergong. Vi tar inn vegen Blomgongstø og tek til venstre ved vegen Blomåsen. Her går vi over et lite jorde på venstre side, held til venstre, så ser vi stien som går mot utmarka. Her er ein liten jernstige som vi må klatre ned på. Har vi funne den, er vi på rett veg. No er det berre å følgje godt synleg sti som også er merka med små vardar. Vi følgjer stien nordover i retning mot anlegget for gassproduksjonen – flammen er godt synleg. Om det er sommar og varmt, kan ein ta seg ned til sjøen og raste der. Stien går eit stykke mot vest før han vendar sørover mot høgste punktet, Gjenekletten, 71 moh. På slutten går stien i noko tett skog, men er framleis tydeleg. Pass på å halde til høgre, når du kjem ned i flata. Vi kjem ut på riksvegen like ved parkeringsplassen. Om du har parkert ved skulen, må du ta til høgre på fortauget.
Blomvåg tyder «bukta som går kvit» og har altså ikkje noko med blomar å gjere. «-gong» i Blomgongstø, tyder noko som er nyttig; ei nyttig landingsplass for båtar.

Adkomst

Vi kjører «Øygardsvegen» forbi Rong, over Ulvsundet bru og vidare framover ei flat strekning. Gjennom første sving til venstre, går der ein veg, Høyen, ned til venstre. Her er ein liten parkeringsplass. Køyrer vi 3-400 m lenger, er der ein større parkeringsplass der.