Foldnesmarka: Frå Storavatnet til Foldnes kyrkje rundt Odavatnet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.469 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 154
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

Denne turen startar ved søre enden av Storavatnet. Her er problem med parkering på rette sida av riksvegen, så ein lyt vera særs aktsam om ein parkerer på sør sida og skal ta seg over vegen til fots. Vi går over demninga og følgjer stien opp på Burdalsfjellet og fortsetter rett frem og ikkje til venstre i stikrysset. Vi held fram mellom Storavatnet og Odavatnet. Ved nordre enden av Storavatnet, deler stien seg og vi held fram til venstre. Stien til høgre, går til Knarrevik. Vi følgjer stien nordover og kommer ut på turvegen og følgjer denne til Foldnes kyrkje. Turen, slik han er teikna her, er om lag 3,5 km og tek 2 timer i roleg turtempo.

Adkomst

Her er som sagt eit problem med parkeringa, men vel du å starte frå demninga ved Storavatnet, kan du parkere på andre sida av rv 555. Utan kan parkere ved Foldnes kyrkja og gå turen motsett veg. Foldnes kyrkje finner du med å køyre Foldnesvegen frå Straume, forbi heradshuset og fram til skilt som viser kyrkja. Her er stor, merka, parkeringsplass. Turvegen starter i søre enden av plassen.