Norddalsfjord Gravplass til Haukåbøra / Børa. Fottur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 9.793 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1605
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Haukåbøra eller Børa har ei markert form som er lett å kjenne igjen frå andre fjelletoppar eller om ein er langt til havs

Turen startar frå Gravplassen i Norddalsfjord. Du går opp traktorvegen til Litlevatnet, rundt vatnet, passerer gjennom grinda og tar av mot stien som går opp til venstre. Det står eit skilt som viser til Øyrelægda og Haukåbøra. Opp Øyrelægda og vidare til Hestedalen. Du har då Gløsen på høgre side og Litle Børa til venstre. Vidare oppover litt til venstre, men på venstre sida av elva vidare opp til Børa. Det er sti/tråkk, men den er ikkje merka. 

Det 1065 m høge fjellet ligg på grensa mellom kommunane (Flora) Kinn og Bremanger. Utsikta frå toppen er svært god med øyane og havet i vest, Hornelen i nordvest, Ålfotbreen i aust, Blægja i sør og Alden i sørvest.

Sporet på kartet er gått sommeren 2020 og er ei rettesnor. Sporet på kartet går ein veg. Hugs å legg til omlag same tid for returen.

God tur!

Adkomst

Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare Fv 544 til gravplassen i Norddalsfjord

Linker