Vingesætra - over fjell til fint skogsområde

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 11.888 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 549
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane Gaddeskogsvatnet naturreservat

Beskrivelse

Ruta er varda og merkt med raude T-ar. Ein følgjer først skogsvegen og går vidare på sti etter kvart. Stien er bratt oppover mot Martinbu/Sandsegga og det er sett opp to kvilebenkar langs stien. Den mykje besøkte hytta Martinbu, er ei rastebu som Keipen Turlag eig. Her er det fin utsikt sørover fjellmassivet Steinheia-Trollefjellet-Risebøra.

Skilt viser ruta vidare nordover, og det er varda på ryggen nedover til ei stor myr. Her kan det vere blautt fram til den store, naturleg kløyvde steinen som ligg i myra.

Stien går nordover til Tjønnavatnet og langs vatnet i skogsterreng norover på åsrygg fram til utløpe tav Gaddeskogsvatnet. Som nammnet seier er det ein del gaddar (tørrfurer) i dette området. Ein krysser over på Vingenbrua og går ned til Vingelvsætra. Her på slutten av turen har ein god utsikt mot Hornelen og Frøysjøen.

Ein er no i ytterkant av Vingen landskapsvernområde, der det rike helleristningsfeltet ligg nede ved sjøen.

Same veg tilbake til Sande.

Adkomst

Turen starter på toppen av byggjefeltet på Sande, vel 1 km nordvest for Svelgen. Her kan ein parkere ved starten av skogsvegen.