Iendefjell

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 13.782 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 8 timer
Gradering: Ekstra krevende
Høydemeter totalt: 1137
Sesong: Juni - November
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Frå avkøyringa til Wallemtunet inn vegen langs Bekken innover mot Skeisheii. Ta til høgre over bekken og oppover hyttefeltet ved ein skilta snuplass. Følg vegen til endes og vidare på sti (kan vera vanskeleg å finne). Det er nokre våte parti her vidare opp til Tryggakleiv, der stien er utydeleg.

Oppe på Tryggakleiv, dreiar ein mot Byrkjefjell, framleis på sti/svaberg som delvis er varda. I det motbakkane for alvor startar går ein på på tydeleg sti til fortoppen med varde og bok.

Frå fortoppen går ein nordover litt til høgre for høgste punktet og tek seg opp eit bråt der, før ein går mot topp-punktet på Byrkjefjell.

Du ser no Iendefjell nord for deg, og du tek deg nedover frå toppen til Såtedalen utan tydeleg sti å fylgja, og vidare til starten av Purkegjel. Her skal du finna ein sti som går på høgre side av gjelet, oppe på ryggen. Denne er delvis varda, og held seg i nærleiken av gjelkanten heile vegen.

Gjelet forsvinn etterkvart og du skal byrja å klatra mot toppen i nordvestleg retning, her er det mykje bare svaberg og lite synleg sti, men noko varding hjelper deg om du treng det.

Adkomst

Det er fleire ruter til Iendefjell, me har her valgt å beskrive ei rute over Byrkjefjell. Parkering ved vegen like etter avkøyrsel til Wallemtunet når du kjem frå Norheimsund

Linker