Topptur til Hamnaskjel 1058 m.o.h.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.46 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 176
Sesong: Juni - Oktober
Område: Hallingdal Hemsedal, golsfjellet og valdres

Beskrivelse

Dette er ein tur i eit lett terreng med utgangspunkt i stølslandskapet ved Sjauset på Grønlio (nordvest i Gol kommune). Turen er blåmerka. Stigen snor seg gjennom gamal granskog store delar av turen, men den siste delen går i opent lende og gjev turgåarane eit flott skue mot Hemsedal, Golsfjellet og innover mot Ål. Hamnaskjel er ikkje av dei mest kjente turmål i Gol, men vert varmt anbefalt av alle som har vore der.

Adkomst

Køyr riksveg 52 mot Hemsedal og ta av mot Grønlio, omlag 9 km frå Gol sentrum. Følg deretter Grønlivegen om lag 3 km til avkøyring mot Sjauset. No står det att drøye 3 km til før bilen kan verte parkert og turen kan starte ved skilt langs vegen.