Økterberg

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.892 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 205
Sesong: Mai - Desember
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Fyrst må ein komma seg til toppen av Melstveit, Følg skilt mot Melstveit frå Høgabekken(mellom Laupsa og Rykkje) innanfor Øystese. Følg Melstveitvegen oppover, nyt utsikten mot fjorden og fjella, køyr/sykl gjennom siste gardstun og til toppen, ca 2,5 km frå hovudvegen. Det er ikkje ein parkeringsplass her, men det går greit å parkera likevel.

Turen er 1,3 km kvar veg og går på sti og traktorveg. Starten av turen er merka med grøne skilt, utført av Fyksesund Landskapspark.

Dette er ein av få turar der ein startar med ein ganske lang nedoverbakke. Ein går 600 m nedover Grindadalen til ein traktorveg som kjem opp frå Rykkje. Her tek du til venstre mot Froastad og følgjer traktorvegen 400 m. No nærmar du deg utan å forstå at du snart skal få fin utsikt. Ta til høgre(skilt mot Froastad). Følg stien myrdraget om lag 100 m før du går opp ein sti skrått til høgre, ved sida av ei stor gran, for å komma opp på Økterberg og nyta utsikten ned på Fyksesundbrua og ut fjorden. Turmålet er 40 m frå postkassetrimmen sitt punkt, oppe på haugen, retning Fyksesundet.

Tilbakevegen kan de ta som ein rundtur over Melstveitåsen(følg dei grøne skilta). Det er også mogleg(og særs fint) å gå stien vidare til Froastad og Skårsvatnet.

Adkomst

Køyr til enden av Melstveitvegen, 2,5 km frå hovudvegen. Melstveitvegen går opp til venstre ved Høgebekken, mellom Laupsa og Rykkje innanfor Øystese. Parkering på sida av vegen, pass på å ikkje vera til hinder for bilar eller traktorar.