Alme - Skor - Tystadstøylen - Alme i Gloppen Kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.533 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 331
Sesong: Mars - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Dette er ein fin skogstur der vi går støylsråsa frå Skor. Turen passar til dei flesta årstider, det blir bart ganske tidleg om våren.

Vi går forbi ei hytte og går på ein god sti. Det kan vere litt vått, men som oftast er dette ein "joggesko-tur".

Rundturen tar ca 1 time og 30 minutt.

Om ein ynskjer ein lenger tur kan turen gå vidare til Lomvatnet og ned att på Almestøylen, eller ein kan gå på Haugsvarden. Lomvatnet og Haugsvarden er beskrive i andre ruteforslag.

Adkomst

Det går bussar kun som "skulerute".

Nokre syklar til Alme, dei fleste køyrer bil og parkerar på parkeringsplassen der ein køyrer opp bomvegen til Tystadstøylen.

Der er ikkje parkeringsavgift.