Utsiktspunktet Sengjaberget

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.235 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 163
Sesong: Mai - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Sengjaberget er det mest besøkte utsiktspunktet i Skjolden. Herifrå får du godt utsyn over Skjolden, Eidsvatnet og Lustrafjorden. Høgdeskilnad: 110 m.

Følg Høgemovegen mot Bolstad. Ta til høgre i vegskilet til Fløyen.Ta til høgre der vegen flatar ut og gå vidare på skogstien mot Sengjaberget. Følg stien 320 m til du er framme.

Sengjaberget har fått namn etter bergformasjonane på staden. Berget har form som benker eller senger, og er godt å sitja på. Dette er det mest besøkte utsiktspunktet i Skjolden. Herifrå har ein godt utsyn over Eidsvatnet og Eidselva som er den nederste delen av Fortunselva. På sørsida av elva ligg garden Eide som er ein av dei største gardane i Sogn og Fjordane med om lag 300 mål innmark. Nærast vatnet ligg Nymoen Leirplass. Ved fjorden til høgre ligg grenda Fjøsnane, og fjellet lengst ute er Molden. Også eit flott utsiktspunkt over Lusterfjorden.

Adkomst

Fjordstova i Skjolden