Stølstur til Røykjedalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.818 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 487
Sesong: Juni - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Flott stølstur med start på Snøtun i Krundalen. På vegen opp er det nydeleg utsyn ned i den frodige dalen, og lenger oppe i fjellet kneisar Tuftebreen i blått og kvitt. På stølen kan du nyte nista medan sauene beiter fredeleg rundt omkring. Høgdeskilnad: 460 m.

Frå parkeringa, gå framover dalen langs bilvegen i 200 meter og ta av fyrste til venstre på traktorveg ned og over Snøtunsbrua. Gå forbi to reidskapshus og så inn på stien rett før bekken som renn under traktorvegen. Det er god sti heile vegen til Røykjedalsstølen. Om ein vil ha ein lenger tur kan ein gå frå stølen mot utsiktspunktet mot nordvest, eller følgje elva mot Røykjedalsvatnet. Her er det ikkje merka sti, men greit å gå. På 1950-talet vart det etter kvart slutt med stølsdrift på Røykjedalen, men fleire av sela(stølshus) er i bruk i friluftsliv og jaktsamanheng. Over 400 sauer beitar her mellom juni og september og er med på å halde skogen nede og den spesielle stølsfloraen i hevd.

Adkomst

Køyr fv 604 frå Gaupne til Jostedalen. Ved Gjerde tek du til venstre mot Krundalen. Etter om lag 2,5 km kjem du til Snøtun. Parker på nedsida av vegen ved krysset der postkassane står.