Kongsbergdammen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.685 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 242
Sesong: April - Oktober
Område: Telemark Vest-telemark

Beskrivelse

Kongsberg er ikkje berre ein by i Buskerud, men også ei høgd like nord for Kviteseid sentrum. Ein startar nede ved riksveg 41 og følger ein bratt traktorveg som går i sikk sakk oppover åsen. Når vegen flatar litt ut og fortsett innover heia, følger ein traktorvegen til venstre, og kjem til ein liten dam som i si tid var bruka som drikkevasskjelde for delar av Kviteseid sentrum. Her er det flott utsikt over Kviteseid og Sundkilen. Turen passar fint som ein liten kveldstur for dei i god form eller som søndagstur for barnefamiliar.

Adkomst

Traktorvegen ein følger startar nede ved riksveg 41, like nord for avkjøringa til Kviteseid. Parkering er begrensa, men det er også mogleg å parkere nede i Kviteseid sentrum og starte der.