Stølstur til Liastølen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.775 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 445
Sesong: Mai - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Flott tur til gamal støl og vakkert kulturlandskap. På Liastølen beiter det framleis både sau og kyr. Høgdeskilnad: 390 m.

Start i Gardshaugen 260 m.o.h. Det er god sti heile vegen. Me passerar Gardsvårstølen som ligg bak muren på høgre side. Der er eit sel og ein stor steinfjøs. Etter 500 m: bekk med godt drikkevatn. Skredflati med kvilestein. Utsikt mot Vangsen. Bratt opp Bruabakkane gjennom grov furuskog. Forbi Gjertrud-furua, ei diger furu som ein gong vart gjeven som brudepresang (på høge sida av stien). Vegskilje før brua, Sperlestølen og Vassdalen til venstre, mot Liastølen til høgre. Sti vidare opp langs elva. Lat att grinda i stølsmuren i beitesesongen. Stien går vidare mot Liastølsdalen og Breakulen.

Adkomst

Køyr nesten 8 km sørover frå Gjerde i Jostedalen på fv 604. Ta til høgre og hald høgre heilt til du kjem til Gardshaug. Parker der grunneigar ønskjer det.