Bogavatnet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.13 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 387
Sesong: Mars - November
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Vaksdal Idrettslag legg til rette for flotte turar i Vaksdalsfjella med postkassar for registrering og vinnarsjansar ved trekning av gåvekort. Dei korte turane er Herfindalen, Bogavatnet og Tjødnhaugsvegen. Dei lange turane er Dyrdalsskaret (Gløvre), Varatjødnane og Blåfjellet (meir info sjå www.vaksdalil.com / aktivitetar/tur). Sjå eigen boks nedanfor for beskrivelse av adkomst.

Adkomst

Dette er den mest krevande av dei korte turane. Ein kan parkere langs bogavegen og gå opp steintrapp ved Nordmark / Steinsbø / Danielsen m.fl. I starten går du på anleggsveg, som er godt synleg i lia. Ein kan følgje anleggsvegen heilt til Bogavatnet. Siste bakken opp, Monsterbakken, er krevande. Dersom ein ønskjer å unngå denne, er det merka 2 stader der ein kan gå over på gamlestien. Særleg siste delen av gamlestien er ei fin oppleving. Her er det i eldre tider mura trapper og laga flott til. Postkassen står på rasteplassen (2 fine bord/benkar) rett nedom demningen. Dersom du har vald Monsterbakken opp, kan du med fordel velga gamlestien nedatt. Då går du over brua like ved rasteplassen og vidare ned lia i noko venlegare terreng.

Linker