Storådalen rundt

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 10.067 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 6 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1106
Sesong: Juli - Oktober
Område: Romsdalen og eikesdalen Sunnmøre

Beskrivelse

Turen begynner på stølen Kvitlane på Langsætrane. Råsa begynner ved brua som går over elva lengst framme på Stølen. Ei stund etter at ein har passert Fokhaugsstova på motsatt side av dalen, så vil råsa dele seg i to og ein skal ta av til høgre opp mot Storådalen.

I Storådalen begynner den delen av turen der ein ikkje har ei rås å følgje. Først begynner ein å gå opp mot høgre til egga som går opp på Storådalstinden. Her i frå kan ein følgje ryggen vidare ned og rundt Storådalen, heilt til ein kjem fram på Storådalshornet. Nedstigninga frå Storådalshornet er veldig bratt. Det anbefalast å gå litt tilbake frå toppen, for så å følgje ei glenne med gras nedover til Storådalen igjen. Vel nede så følgjer ein råsa tilbake til Langsætrane.

Adkomst

Køyr til Stordal og følg dalen fram til der den deler seg i to. Ta til venstre der det er skilta mot Overøye. Køyr fram til skitrekket og vidare framover mot Langsætrane. Ta til høgre i første kryss mot Kvitlane og køyr fram til enden av denne stølen og parkér ved brua.