Stølstur til Vassdalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.761 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 545
Sesong: Juni - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Fin tur for turvande familiar. Noko bratt sti i eit vakkert beite- og stølslandskap der dyra framleis beiter. Flott utsikt og idylliske omgjevnader der du både kan fiske og bade. Høgdeskilnad: 470 m.

Stien oppover er svært godt vedlikehalden og godt merka. Etter kryssing Liadøla på god bru ein liten bratt kneik opp til Sperlestølen. Frå Sperlestølen er stien noko flatare inn mot Vassdalsvatnet, der ein rundar vatnet på søraustsida, før ein er framme på sjølve stølen. Innover Vassdalen er det ein tidvis godt synleg sti, men sjølve dalføret endar i ein botn utan særlege sjansar for vidare avansement. For den som vil og kan gå lengre enn til stølen, kan Liastølsbreakulen vere eit brukbart alternativ, men det krev til gjengjeld høgfjellserfaring. Vassdalsvatnet med stølsvollen er elles ein idyll, der ein kan både fiske og bade, så dette er så avgjort ein stad for heile familien.

Adkomst

Ta av frå fv 604 like etter tunnelen i Gardsjølet, litt forbi Fossøy og Sperle. Kjem du i frå Gjerde tek du av mot høgre etter ca. 8 km. Ved fyrste vegkryss skal du halde til venstre til Gardshaug. Kontakt grunneigar for bilparkering.