Topptur til Dyrdalstinden

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.852 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 966
Sesong: Juni - Oktober
Område: Romsdalen og eikesdalen Sunnmøre

Beskrivelse

Start turen ved brua over Dyrdalselva på stølen Pusken på Langsætrane. Råsa mot Dyrdalen går opp på venstre side av elva. Den er tydelig og lett å følgje.

Når ein er komen opp på bakkekanten så må ein gå ut av råsa og gå skrått oppover langs egga mot Dyrdalstinden. Etterkvart smalnar egga meir og meir, og det aller siste stykket bort mot toppvarden er det ganske luftig. Her i frå har ein ei imponerande utsikt ned mot Langsætrane og omkringliggande toppar slik som Stolen, Rollsbotsskorkja og Lauparen.

Nedstigninga går langs den same løypa som ein gikk opp.

Adkomst

Dersom du kjem til Stordal frå vegen innover fjorden så følgjer du dalen framover til den deler seg i to. Ta til venstre der det er skilta mot Overøye. Køyr fram til skitrekket og vidare fram på Langsætrane. Fortsett rett fram i det første krysset for å kome til Pusken. Her kan du køyre oppover stølen og ta til venstre bort mot brua over Dyrdalselva. Her går det an å parkere.