Nomelandsfjellet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.363 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 6 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 899
Sesong: Mai - September
Område: Austheiene Setesdalsheiane

Beskrivelse

Med den blankpolerte veggen sin er Nomelandsfjellet eit av dei mest karakteristiske fjella i Valle og eit attraktivt mål for fjellklatrarar. Turstien begynner på vestsida av Rv 9, like ved rasteplassen på Honnevje, eller på Steinsland slik den er tegna inn på kartet. Frå Honnevje er bratt og krevjande oppstigning i ca. 1 km. Deretter følgjer stien kanten av fjellet med flott utsikt over dalføret. Du passerer Fingredalstjørni, som er eit fint badevatn. Så kjem nok ei bratt stigning opp til Nomelandsfjellet på 795 moh. Til slutt når du det høgaste punktet på turen, som er telemasta på 916 moh. Ta same vegen tilbake, eller held fram på den svært bratte Støylsvegen ned til Steinsland og følg deretter vegen tilbake til Honnevje. Turen kan gjerast motsatt veg om ein likar og gå brattast oppover.

Adkomst

Det enklaste er med eigen bil til Honnevje rasteplass eller Steinsland. Men ein kan komme seg til Valle med buss og turen kan starte frå sentrum.

Stoppesteder

Sjå AKT si heimesie.

Linker